Reise til Sandsøya

Lurer du på korleis reise til Sjutoppsturen? Her finn du informasjon om alternativa.
Ferje - personbil - bobil - sykkel
På vegen frå ferjekaia på Voksa, til Sandsøya.
Det er sett opp ekstraferje til Sjutoppsturen 2026. Rutetabellen vert slik:

Vi oppmodar folk til å ta med sykkel på ferja, og sykle frå ferjekaia på Voksa til start- og målområdet på Sandsøya. Avstanden frå ferjekaia til startområdet er ca. 6 km.
Det er busstransport mellom ferjekaia og start-/målområdet i korrespondanse med ferje frå Larsnes og Åram. Merk at det er begrensa kapasitet, slik at det må medreknast ein del ventetid. Betaling kr 50,- per passasjer gjerast i sekretariatet.
Finn gjeldande avgangar på FRAMMR
Fritidsbåt
Rosenlund Hamn har gjestebrygger.